Harald Kapstad AS vart etablert i 1969 av Harald Kapstad. I starten var dette eit privat selskap som i hovedsak dreiv med mur- og pussarbeid. Etterkvart som tida gjekk vart selskapet omdanna til aksjeselskap då arbeidsoppgåvene endra seg til å gjelde heile bygningsfasen frå start til slutt. Geir Harald Kapstad overtok drifta i 2005, selskapet har sidan den tid hatt forretningsadresse i Flovegen 10 på Øyrane i Førde.

Firmaet har 20 tilsette og i tida framover har vi som mål å vere eit mellomstort selskap innan bygg og anlegg der vi utfører både små og store oppdrag for det offentlege og private markedet. Ved større prosjekt og i periodar med mange arbeidsoppdrag leiger vi inn kontraktørar for å utføre delar av arbeidsoppgåvene.

Med vår breie erfaring og kompetanse kan vi tilby deg som kunde ein komplett leveranse utført med beste handverk og kvalitet. Det gjer det enklare og meir oversiktleg for deg som kunde å berre ha eit selskap å forholde deg til der vi vil vere din totalleverandør innan bygg og anlegg. På lik linje med at vi kan utføre det praktiske arbeidet for deg, kan vi også stå som ansvarleg søkjar for deg og vi kan vere behjelpeleg med å planlegge, prosjektere og teikne dine prosjekt til minste detalj, alt i ein prosess der vi setter dine krav og ynskjer høgast. Ta gjerne kontakt for ein prat om dine utbyggingsprosjekt og planar og vi vil hjelpe deg fram til eit komplett og ferdig prosjekt.

Vår styrke er stor breidde i type oppdrag, lang erfaring, høg kompetanse, nøyaktigheit til minste detalj og fornøgde kundar!

Vi har sentral godkjenning: Statens bygningstekniske etat si nettside for Harald Kapstad AS